Det vart bygd mange store og moderne selfangstskuter i åra rundt 1950, medan etterkrigsoptimismen enno rådde. Heile 81 båtar var på selfangst i 1952. I dag er det berre nokre få igjen som driv selfangst. Ishavsskutene blei ikkje berre brukt til selfangst, men også til fiske og ekspedisjonar. I boka blir historia til kvar enkelt skute som kom etter krigen presentert. Boka tar og for seg utviklinga i selfangstnæringa frå 1945 og framover. Forfattaren har skrive fleire bøker tidlegare, blant dei er "Frå segl til damp" (2002). Boka er rikt illustrert.