Stjernestøv

Roman  •  6 – 10 år

Stjernestøv

Linn T. Sunne

2000

Illustratør:
Jens Kristensen

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

Kia går i tredje klasse og får ikkje heilt til livet sitt. Venninna har flytta, Tore som ho likar så godt, bryr seg ikkje om henne, far er borte og borar etter olje og mor har det travelt med tvillingbrørne. Frøken vil ha ho til å ta initiativ for å finne nye venner, og ein mann med svart hatt på kaia gir henne eit godt råd. Ho kan bruke stjernestøv. Alt blir som før til isbildama gir seg tid til ein prat og då Sara som var kjærast med Tore, viser at ho treng ein venn. Dette er ei truverdig bok der barna sjølve må finne vegen, men med bodskap om at tilfeldige vaksne kan vere til hjelp. Boka har fint driv med mykje direkte tale. Illustrasjonane av Jens Kristensen i svart/kvitt er originale i form og perspektiv og kler historia. Samlaget, 2000.

Utgaver