Året er 1941, og den unge Helen Bynum forlet New York for første gong. Ho har fått i oppdrag å bringe heim tante Helen, ei fordrukken og aldrande skodespelarinne busett i New Orleans. Men då Helen kjem til New Orleans, opnar verda seg for ho. Ho vert del av eit bohemmiljø i det franske kvarteret, og endeleg kjennar ho seg fri til å leve eit liv på sine eige premiss. Samstundes går andre verdskrigen og diskrimineringa av svarte og homofile amerikanarar som ein understraum i forteljinga. Mange år seinare, skal Helen forstå at ting ikkje nødvendigvis var slik dei virka. Omtala er utarbeidd av BS.