Til grunnlovsjubileet i 2014 feirar vi ein tekst som har vore gjeldande grunnlov i Noreg i 200 år. Grunnlova i dag er likevel ikkje den same som i 1814. Gjennom åra har lova blitt endra mange gonger, og samstundes blitt underkasta ulike og skiftande tolkingar i levetida si. Denne boka set søkelyset på grunnlovstolkinga. Gjennom 14 kapittel blir grunnlovstolking undersøkt historisk og notidig, i norsk og komparativt perspektiv, åleine og som éin av fleire komponentar i forfatningsutviklinga.