9 – 15 år

Tonen som vart borte

Liv Marie Austrem

1998

Illustratør:
Ola Enstad

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

I korte, poetiske sekvensar gjev Austrem her stemme til eit barn som opplever at tilværet rasar saman: "Mor og far hadde knivar i munnen og lyn i augo, mor gret og plystretonen gøymde seg inni meg og ville ikkje komeut". Tonen har jenta fått av far. Det er han som har lært henne å plystre, men når far set seg i bilen og kjører bort etter at han og mor har krangla, forsvinn også tonen. Jenta rømmer til skogs, til fossen. Her, ved det buldrande djupet, på kanten av livet, freistar ho å finne att tonen som vart borte, samstundes som ho tenkjer gjennom det som har skjedd. Tankane hennar vandrar. Informasjonen som teksten gjev er knapp, men svært uttrykksfull, og Ola Enstads fotografiske illustrasjonar, som har ein sterk grafisk karakter, fangar opp jentas kaotiske følelsesliv på ein innsiktsfullmåte. Resultatet er ei vakker, heilstøypt, men også sår forteljing om eit barns oppleving av vaksenverdas konfliktar. Samlaget, 1998.

Utgaver